Folkefest for tenderkai

folkefest: Det blir invitert til folkefest med kaker og underhaldning når tenderkaia opnar. Foto: Nordfjord Havn  Foto: Nordfjord Havn

Nyhende

Tysdag opnar Nordfjord Havn den nye tenderkaia i Olden. – I den anledning inviterer vi til folkefest med underhaldning og servering av kaker, seier styreleiar Elisabeth Elliott, som ønskjer alle innbyggjarar velkomne til opninga.

Det blir snorklipping ved ordføraren og song av born frå Olden barneskule.

To skip gjestar Olden denne dagen, Costa Mediterreania og MCS Preziosa. Til saman kjem det rundt 6.000 turistar til Olden denne dagen.