NFF Sogn og Fjordane støttar Arena Stryn

Frir til fylkespolitikarane

Styreleiaren i NFF Sogn og Fjordane ber fylkespolitikarane yte tilskot til Arena Stryn når saka skal opp i Fylkestinget. Han meiner dette handlar like mykje om tettstadutvikling som støtte til idrettsanlegg.

Engasjert: Jonn Beinnes har engasjert seg i prosjektet sidan oppstarten i 2013. Den 80 år gamle leiaren av Stryn idrettslag har hatt ein draum om å sjå Arena Stryn realisert før han gir seg i leiarvervet. Finansieringa er ikkje heilt i mål, og åtte millionar frå Fylkeskommunen kan vere avgjerande.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Oppmodinga frå styreleiar Robert Endestad kjem i kjølvatnet av at fylkesrådmannen tilrådde Hovudutvalet for kultur og næring at det ikkje blir løyvd fylkeskommunal støtte til idrettsanlegg, blant anna Arena Stryn. Også fullskala fotballhall i Florø er mellom dei fem tiltaka som har søkt støtte i 2017, og NFF Sogn og Fjordane tek til orde for at også denne hallen bør byggjast.