Namnet vert Vestland fylkeskommune

Stortinget har vedteke namna på dei nye fylkeskommunane. Hordaland og Sogn og Fjordane vert Vestland fylkeskommune.

Kart med alle dei nye fylkesnama som skal gjelde frå 1. januar 2020. 

Nyhende

– Dette er eit godt namn for det nye storfylket, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding etter at Stortinget 7. juni vedtok namna på dei nye fylkeskommunane. Det inneber at det nye storfylket på Vestlandet skal heite Vestland fylkeskommune.

– Vi er glade for at vedtaket no er fatta, og at det er i tråd med eit bredt fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane. Namnet har potensiale, og er ei viktig brikke i det vidare identitetsarbeidet vi skal gjere, seier fylkesordførar Jenny Følling.

I vedtaket har Stortinget lagt vekt på god politisk forankring med eit overveldande fleirtal i begge fylkestinga, og at namnet har vore debattert i lang tid. Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk først inn for «Vestlandet», men etter ein open prosess, med motførestillingar frå Rogaland og Møre og Romsdal, endra fylkestinga namnet til «Vestland». I forslaget frå regjeringa har det vore eit mål at fylkestinga sjølv skal kome fram til namn med god politisk forankring. Det er lagt vekt på at namna skal vere mest mogeleg samlande, heiter det i pressemeldinga.

Stortinget peikar på at namna på fylkeskommunane er viktige for å bygge kultur og identitet og at arbeidet med dette kjem i gang no. Mindretalet på Stortinget ville sende namneforslaga ut på høyring. Frå 1. januar 2020 blir dette namna på dei 11 fylka i landet:

• Oslo • Viken • Innlandet • Vestfold og Telemark • Agder • Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag eller Trööndelage • Nordland • Troms og Finnmark eller Romsa ja Finnmárku eller Tromssa ja Finmarkku