Utforkøyring i Olden

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Politiet melde litt før kl. 14.00 måndag om ei utforkøyring på fv 60 i Olden, retning Innvik.

Ein nedlerandsk bil hadde køyrt av vegen etter at ein møtande bil truleg hadde lege litt for langt inn mot midten. Det er ikkje meldt om personskadar, bortsett frå brystsmerter hos ein av dei to i bilen, truleg etter trykk frå bilbelte. Både førar og passasjer er køyrde til legesjekk i Stryn.