– Mykje godt arbeid rundt integrering

Møte: F.v. rundt bordet ser vi frå flyktningtenesta Ole Eltvik, frå vaksenopplæringa Hilde Nesje, frå flyktningtenesta Siv Otterdal Bøe, rådmann Rune Hovde, ordførar Sven Flo, frå IMDI seniorrådgjevar Lubna Jaffery, regiondirektør Ohene Aboagye og rådgjevar Heidi-Beate Fagerbakke Aasen, kommunalsjef i Stryn helse og sosial Heidi Vederhus og nestleiar for skule- og kultur Kjell Solheim.  Foto: Stryn kommune

Nyhende

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI)møtte Stryn kommune måndag.

– Imdi Vest ynskte møte med Stryn kommune for å diskutere kvalifiseringsarbeidet i kommunen. Dei ville gjerne høyre korleis vi arbeider med introduksjonsprogrammet og kvalifisering av nyankomne flyktningar i kommunen; kva vi meiner går bra og kva utfordringar vi har.

Etter dialog med informasjon frå både IMDI og kommunen vart det konkludert med at det vert gjort mykje godt arbeid i Stryn rundt integrering. IMDI har fått ny kontaktperson for Sogn og Fjordane, Heidi-Beate Fagerbakke Aasen. Ho vil gjerne vere med som rettleiar for vidare arbeid, fortel kommunalsjef i Stryn helse og sosial, Heidi Vederhus.