Kulturskulekonserten 2018:

Viste seg fram i kulturhuset

Dei unge talenta i kulturskulen fekk vist litt av det dei har lært seg i Stryn si storstove laurdag kveld.

Dette viser at kulturskulen har livets rett

Ordførar Sven Flo
Nyhende

Om lag 80 publikummarar fekk oppleve ein flott konsert i Stryn kulturhus tidleg laurdag kveld. Unge lokale talent framførte musikk på alt frå gitar, bass, trommer, klarinett, flygel og fele til rein vokal.