Åtte vegar får nye namn i Hornindal

Som følgje av samanslåinga av Hornindal og Volda må det ryddast opp i like, eller nesten like, vegnamn i dei to kommunane. Denne veka skal Hornindal kommunestyre vedta framlegga til nye namn.

Nytt namn: Lidavegen i Hornindal får nytt namn til Liskogvegen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Etter ein grundig gjennomgang, fann ein at elleve vegar i dei to kommunane hadde så like namn at det var naudsynt med endring. I april vedtok Fellesnemnda kriterie for korleis dette skulle føregå:

– Den vegen med flest eksisterande adressatar av dei to kommunane, beheld vegnamnet.

– Om fordelinga mellom dei to kommunane vert veldig skeiv med omsyn til tal omadresseringar, må den kommuna med færrast omadresseringar sjå på alternative vegnamn. T.d. om vegparsellar kan vere ei naturleg forlenging av ein annan vegparsell, eller om det er vegparsellar ein kan finne andre alternative vegnamn til.

– Om ein kan finne gode alternative vegnamn til vegar som har like eller nesten like vegnamn med nabokommunane, bør Hornindal og Volda kommunar vedta nye vegnamn og omadressere.

Åtte namneendringar

Med desse kriteria lagde til grunn, vart Hornindal til slutt sitjande med ei liste på åtte vegar som måtte døypast om. Her følgjer oversikt over desse, og adminsitrasjonen sitt framlegg til nye namn. Dette låg ute til høyring 23/4-23/5.:

– Dalavegen endrar namn til Hornindalsvegen.

– Grendadalsvegen endrar namn til Holebakkane.

– Haugen + Beitevegen endrar namn til Hogageilane.

– Lidavegen endrar namn til Åresvora.

– Lønnsvegen endrar namn til Furdansvegen.

– Nygardsvegen endrar namn til Knutsdalsvegen.

– Ospelida endrar namn til Hogden.

–Raudemelsvegen endrar namn til Raudemel.

Det kom inn to merknader. Det eine gjaldt Lidavegen. Oppsitjarane i Lida ønskja at ein i staden for Åresvora tok i bruk namnet Liskogvegen, og dette valde ein å lytte til. Den andre merknaden kom inn etter fristen, men då Utviklingsutvalet handsama saka tysdag valde dei likevel å ta inn framlegget om å endre Lønnsvegen til Lødøen. Dette istaden for Furdansvegen.

Framlegga til namneendringar vart vedteke i Utviklingsutvalet, men endeleg handsaming finn stad i kommunestyret torsdag.