Motorsykkelulukke i Svarstadsvingane

Ulukka skjedde i Svarstadsvingane  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Politiet fekk like før klokka 12 melding om at ein tyskregistrert motorsykkel har køyrt av vegen på rv 15 like før avkøyringa til Panoramavegen om lag sju kilometer vest for Stryn sentrum.

Nødetatane er på staden.

Det var to personar på motorsykkelen og ein kvinnelege passasjer skal vere skadd og er køyrt til sjukehus i Volda for undersøking. Føraren, ein mann, skal vere uskadd.

Det er ein del trafikale problem på staden, og det er manuell dirigering, melder politiet på Twitter.

Motorsykkelen skal ha vore del av eit reisefølge med fleire MC'ar. Alle personane er brasilianske som leigde motorsyklar i Tyskland, melder politiet.