Norges sprekaste 80-åring?

Jonn Beinnes i farta

Nyhende

80 år gamle Jonn Beinnes frå Stryn er nok sprekare enn dei fleste andre på sin alder, ja truleg er han sprekare enn mange som berre er halvparten så gamle også.

Tysdag tok friidrettstrenar Jarle Lødemel denne videoen av Beinnes på Stryn stadion, då han heiv seg med for å teste farten på 60-meter. Den lettføtte leiaren av idrettslaget imponerte både Lødemel og mange av dei som har sett videoen som seinare vart delt på Facebook.

Lødemel skreiv dette då han la ut videoen:

"Jonn Beinnes er ein aktiv og energisk mann. Leiaren i Stryn Turn og Idrettslag viste i dag, som ofte elles, at alder berre er eit tal. Med topp innsats på 60-meter, vart 80-åringen no motivert til å kome seg under 12 sekund i løpet av sesongen. Slikt bør få fleire til å kome seg opp og ut"!