Vaksne skadar seg stygt i ståbrett-ulukker

Nyhende

Forsikringsbransjen er overraska over kva tala fortel om ståbrett-ulykker. Det er dei vaksne som får dei verste skadane.

I april blei aldersgrensa for ståbrett, eller hoverboard, oppheva. Dei elektriske bretta med to hjul har blitt svært populære blant barn og unge. Forsikringsbransjen har fått meldingar om fleire som er alvorleg skadd etter å ha køyrt rundt på slike ståbrett.

– Vi har vore førebudd på at det ville kome ulukker, men er overraska over at det er godt vaksne som skader seg, og det alvorleg. I éi sak fall vedkommande i 40-årsalderen stygt på eit ståbrett, og fekk alvorlege skader, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring. Ståbretta toler over 100 kilo, og mange foreldre vil gjerne prøve for å forstå korleis dei fungerer. Det er vanskelegare enn ein skulle tru, åtvarar forsikringsselskapet i ei pressemelding.

– Vaksne som prøver det for første gong bør halde seg fast, gjerne i ein annan vaksen eller i eit rekkverk. Det er påfallande at barn og unge ser ut til å beherske ståbretta betre enn mange vaksne, seier Opedal.

Ståbrett som blir selt i Norge skal ikkje kunne gå fortare enn 20 km/t. Det er ikkje krav til hjelm, og mange droppar dermed hjelmen. Det uroar Tryg-sjefen.

– Det er små marginar om du treff noko med hovudet først. I tillegg er det å bremse eit ståbrett i fart langt meir krevjande enn å bremse med ein trøsykkel, seier Opedal.

(©NPK)