Sesongen er berre så vidt unnagjort før dei første skiskyttarrenna på rulleski blir arrangerte. Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er, ifølgje dei sjølve, ikkje i toppslag enno, men dei er klare for ein ny sesong.

Allereie førre helg deltok brørne Bø på konkurransar i Drammen, der Johannes vann skytekonkurransen fattige tre tidels sekund føre Tarjei.

Nyleg vore sjuk

I dei to påfølgjande renna enda Johannes opp med to andreplassar. Tarjei stod over desse renna, då han forsøker å kvitte seg med siste rest av ein sjukdom.

– Den er ikkje så mykje å snakke om. Eg tenkte at eg for ein gangs skuld skulle ta sjukdomsperioden i forkant av sesongen, slik at eg slepp det til vinteren, seier Tarjei med eit smil, før han fortel at han skal vinne fleire renn i år.

I fjor vann han endeleg eit verdscuprenn igjen, på sprinten i Östersund, der det komande verdsmeisterskapet skal finne stad. I år håpar han å gjenta den bedrifta.

– Eg blei veldig «trigga» av sigeren. Eg hadde nesten gløymt korleis det var å vinne. Eg kan vere veldig stabil når ting fungerer, og eg veit at eg har eit høgt toppnivå, men no må eg byrje å bli nummer ein, i staden for nummer to og tre, som eg har vore mykje dei siste åra, seier han om den komande sesongen.

Må lære av kvarandre

– Det er kjekt å vinne verdscup-renn, så alt fokus er ikkje på medalje i VM. Sesongen er lang, og tidlegare har eg profilert på det å vere i form heile året. Dette skal eg forsøke å klare også i år, fortel Johannes.

Måla dei to brørne har sett seg er med andre ord enkle: Dei skal vinne, begge to.

Og for å få til dette, er dei to stryningane klare på kva som må gjerast:

– For Johannes sin del er det liggande skytinga han har slite med, og for meg har det vore ståande skytinga som har vore for dårleg i avgjerande situasjonar, så vi må prøve å lære av kvarandre, seier Tarjei.

Johannes legg til at dei har arbeidd i to månadar no med å finne ut av kva som kan bli betre, og det som no står att er å gjennomføre planane som har blitt lagde, og få hjula til å rulle igjen.

Skal leve på kjærleiksrusen

Så tidleg på året er det ikkje anna å forvente enn at formen ikkje er heilt på topp, og for Johannes har sommarens bryllaup teke mykje merksemd dei siste månadane.

– Då eg fridde før jul fann vi raskt ut at vi ville gifte oss til sommaren, så den siste perioden har vi førebudd oss til den store dagen. Eg gler meg veldig, det blir kjempestort, seier ein smilande Johannes.

– Foreløpig er eg ikkje heilt i toppform, og eg ligg litt på halen av treningsfeltet no. Men så snart bryllaupet er over skal eg leve lenge på kjærleiksrusen, og kome meg fram i feltet, legg han til.

Små endringar

Tarjei kan fortelje at skiskyttarlandslaget ikkje har gjort nokre store endringar i sin arbeidsmetode før den komande sesongen.

– Det er jo alltid litt småting som kan justerast, men dei store linjene er mykje det same som tidlegare, fortel Tarjei.

I ein idrett som baserer seg så mykje på marginar, særskilt på skytebana, er det viktig å alltid utvikle seg. I år har Johannes gjort justeringar på børsa si, i forsøk på å få marginane på sin side.

– Eg har skjært vekk litt materiale på fronten av børsa, fortel han. I tillegg til dette har den kjente gull-lakken blitt fjerna, og han håpar stryningar kan kome med forslag til nytt design.

– Kor kult hadde det ikkje vore om stryningane kom med sine design-forslag?