Sjølv om utfasinga av Telenor sitt koparnett har starta, lovartelegiganten ei løysing for fasttelefon via fiber eller mobil tilalle som ønskjer det.

Tysdag skreiv Nettavisen at Telenor aktivtstartar utfasinga av koparnettet, som blir brukt til fasttelefoniog xDSL-breiband. Det betyr at rundt 15.000 kundar i løpet av 2018og 2019 vil få flytta tenestene over frå 100 år gammal kopar tilmobil- eller fibernett.

– Vi forstår at nokre av kundane reagererpå at det blir ei endring. Eg kan forsikre om at kundane no fårmeir påliteleg teknologi og at fasttelefonen vil bestå i ei meirmoderne utgåve. Vi ønskjer at overgangen skal skje så smidig sommogleg, og vi vil også ha dialog med kommunane der vi byterteknologi, seier Birgit Bjørnsen, leiar for breiband ogfasttelefoni i Telenor Norge, i ei pressemelding onsdag.

Telenorunderstrekar at selskapet beheld infrastrukturen over kopar dersomdet ikkje finst alternative teknologiar i eit område, eller der deter mest hensiktsmessig å halde oppe tilbodet over koparnettet.

(©NPK)