Ein ung Nordfjord-mann må rekne med å vere utan førarkort i om lag seks månader etter å ha blitt stoppa av strynepolitiet seint onsdag kveld. Mannen vart målt til 95 km/t i ei gjennomsnittsmåling i 60-sona på Rake, mellom Stryn og Loen.