Fylkestinget gav denne veka ei løyving på fire millionar kroner til Arena Stryn. Eit resultat av godt politisk handverk der ein ser kor viktig det er å ha lokale forkjemparar på dei viktigaste politiske arenaene. Ein ting er å gå på fylkestinget sin talarstol og verbalt kjempe for ei sak ein har tru på. Det viktigaste er å ha påverknadskraft i eiga gruppe og politisk klokskap, eigenskapar og nettverk til å kunne få også andre parti med på det ein kjempar for.

Arena Stryn er eit godt døme på ei slik sak. Sterke krefter i fylkestinget ville utsetje saka til budsjettprosessen i desember. Det kunne resultert i bortimot eitt års forseinka oppstart for Arena Stryn.

No har eldsjelene som har stått på for dette prosjektet fått halvparten av summen dei søkte om og nesten det dei håpa på. Prosjektleiar Kjell Opheim seier i dagens avis at dei hadde håpa på fem millionar kroner, men at dei er nøgde med å ha fått fire. Samtidig er dei nøye med å gje ros til politikarane som tala prosjektet si sak og dermed bidrog til å få det gjennom.

Medan Arena Stryn fekk bra utteljing, måtte lokale forkjemparar i fylkestinget innsjå at dei ikkje fekk fleirtal for gangveg som del av den nye brua over Storelva i Utvik. Hadde det vore gang- og sykkelveg fram til brua på minst ei side frå før, ville det truleg vore enklare å få fylkestinget med seg på dei få millionane ekstra det ville koste. No vert brua som vart teken av flaumen i fjor sommar erstatta av ny. Verken meir eller mindre.

Arena Stryn har dermed størst grunn til å vere nøgde etter fylkestinget, og signala frå Kjell Opheim og Jonn Beinnes er at dei no håpar på anleggsstart til hausten. Arena Stryn er døme på eit prosjekt som aldri hadde blitt til utan eldsjeler. Så velfortent ros til politikarane som følgjer opp med løyvingar. Størst ros likevel til dei driftige eldsjelene som aldri gir opp, og som jobbar jamt og trutt for at idretten i Stryn skal få betydelege betre boltreplass.

Bengt Flaten