Stryn gjer to endringar frå sigeren borte mot Studentspretten sist helg.

– Mathias Garlid kjem inn etter karantene, medan Vegard Sæten Hopland må stå over grunna lyskeskade, seier Stryn sin trenar Geir Inge Rake.

Sæten Hopland har også tidlegare i sesongen slite med lysken, og no må altså den viktige spelaren ta seg ein pause når Bremanger kjem til Stryn stadion fredag kveld.

Heller ikkje Julian Hove er kampklar. Backen trakka over for ei veke sidan og er enno ikkje heilt restituert.

Tett på tabellen

Stryn ligg før oppgjeret mot Bremanger på 5. plass med 12 poeng. Bortelaget ligg med sine 10 poeng på 8. plass. Om Stryn skal henge med på øvre halvdel bør det bli siger fredag.