Ein krevjande overgang til å bli ny kommune, etterslep og negativ folketalsutvikling var noko av det som kom fram i årsmeldinga for Hornindal. Men god jobbing i alle etatar og eit hyggeleg økonomisk overskot bidreg likevel til det gode liv i Hornindal.

– Det går mykje tid til førebuing av overgang til ny kommune, og det vil det nok bli endå meir av, seier rådmann Ann Kristin Langeland.

– Vi heng etter på planarbeid, men har få ressursar og maktar ikkje gjere meir. Men vi håpar å kome litt vidare.

Kommunen står også midt opp i, eller framfor, til dels store prosjekt. Skuleutbygging, opprusting av omsorgssenteret og planlegging av nye omsorgsbustader krev sitt. Skuleutbygginga blir nok den mest arbeidskrevjande det komande året. Her skal ein først velje aktør til å ta hand om rivinga av dei gamle rund-bygga, og deretter er det entreprenør til bygginga som må på plass. Begge oppdrag er ute på anbod, og når det gjeld rivinga er dette nært føreståande.

Ekstra arbeidsbelastning på ein del funksjonar, og usikkerheit rundt kva som ventar med ny kommune, pregar også dei tilsette i organisasjonen.

– Arbeidsmiljøet er godt men prega av ei viss usikkerheit til kva som ventar framover. Det er naturleg når folk ikkje veit om dei skal vere her eller i Volda, og om det blir nye arbeidsoppgåver. Men det er heller ikkje lett å berolige, sidan vi ikkje veit kva aktivitet det blir på Smia og korleis organisasjonen skal sjå ut nedover. Men eg reknar med at mykje av dette skal kome på plass no framover, seier rådmannen.

Kulturskulen lir

Men trass det store arbeidspresset som rår blant mange av dei tilsette, vurderer ein ikkje sjukefråværet som dramatisk, sjølv om det har auka frå 4,8 til 5,9 prosent.

– Ingenting tyder på at det bør setjast i verk særskilde tiltak. Det er naturleg fråvær, kommenterte rådmannen. Det er i dag 157 tilsette i Hornindal kommune, fordelt på knapt 94 årsverk. I 2016 var talet 161 fordelt på vel 97 årsverk.

Kompetansetiltak var også omtala i årsmeldinga. Noko leiinga gjerne skulle sett at dei kunne brukt meir tid på.

– På skulen er dei flinke å drive vidareutdanning og interessa for dette er absolutt til stades. Det er også eit godt opplegg på sjukeheimen med internundervisning på video. Her er det ofte Helse Førde som har fellesundervisning, opplyser Langeland.

Alt i alt er det mykje positivt for rådmannen å vise til, men omkvedet er ressursmangel. Ein står utan tilbod innan rus og psykiatri, og etterspurnaden til heimetenester er aukande, medan ledige hender er få. Også kultursektoren lir i dag.

– Frivilligsentralen yter tenester til Kulturell spaserstokk, Kulturnatt og UKM – og dei leverer! Men kulturskulen haltar. Her er vi avhengig av samarbeid med Volda før 2020, er konklusjonen frå Langeland.

Ei anna utfordring, som heng med år etter år, men som er vanskeleg å gjere noko konkret med, er talet på born.

– Men dette er ikkje lett å gjere noke med fort, måtte rådmannen erkjenne med eit smil.

Skryt til administrasjonen

Den økonomiske ståa må elles seiast å vere god. Det er nedgang i den langsiktige gjelda og årsresultatet gir eit kjærkome påfyll til disposisjonsfondet. Ca 2,9 millionar av årets overskot på 3,2 mill.skal dit, medan resten skal inn i bundne fond.

– Men vi veit at det er nok å bruke pengar på. Deler av årsaka til at det går bra er også at rådmannen fyller fleire roller enn det som er normalt at ein rådmann gjer. Så skryt til administrasjonen for at de leverer gode resultat, rosa ordførar Stig Olav Lødemel.

Brita Sollid kan konstatere at disposisjonsfondet får eit kjærkome påfyll etter 3,2 millionar i pluss i 2016. Foto: Roy Aron Myklebust