- Det har regna siste døgnet, og vermeldingane tilseier at det skal kome jamt med nedbør første dagane. Brannsjefen opphevar difor totalforbodet mot bålbrenning, og bruk av annan open eld som vart nedlagt 28. mai. Det skriv brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg, i ei pressemleding.

Det blir likevel oppmoda om forsiktigheit:

- Det har vore veldig tørt, og det kan være lokale forhold som tilseier at det ikkje bør fyrast opp bål. Vil også minne om at lova seier at det i tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i ,eller i nærheita av skog og annan utmark utan løyve frå kommunen.