– Både som barnelege og som barneombod har eg jobba mykje med problema knytt til vald mot barn. Derfor ønsker eg at framtidige foreldre skal få eit obligatorisk kurs som førebur dei på det som kjem, før barnet kjem, seier det avtroppande ombodet til Vårt Land.

Lindboe opplyser til avisa at ho vil at kurset skal bli tilbydd på dei kommunale helsestasjonane, ettersom 99 prosent av alle foreldre kjem dit.

– Vi kan få avdekt kven som slit med sinnemeistring, kven som kan trenge rettleiing og hjelp frå barnevernet, kven som sjølv har opplevd vald som liten og kven som på andre måtar er ekstra sårbare og som derfor kan trenge hjelp når dei blir foreldre, seier Lindboe.

Ho understrekar at vi veit at førebyggjande arbeid hjelper.

(©NPK)