Hagen AS i Stryn fekk laurdag tildelt Norsk Trevare sin høgaste utmerking, Det Gylne Sagblad, som prov på at verksemda er kåra til Årets bedrift 2017 i bransjen.

Tildelinga fann stad på Norsk Trevare sitt årsmøte i Svolvær sist helg, og det er ein prestisjetung pris strynebedrifta no har fått. Norsk Trevare er nemleg bransjeforeininga for trevare og innreiingsprodusentar i heile landet, med 312 medlemsbedrifter med til saman 5.000 tilsette.

Produktutvikling

Hagen AS fekk prisen i hard konkurranse med andre bedrifter. Juryen la i si grunngjeving særleg vekt på at Hagen AS har gjort seg bemerka på produktutvikling, og det nye konseptet «Plass til meir!» Hagen AS har mellom anna utvikla «Stryntrappa Garderobe, Kontor og Bod», der føremålet har vore å utnytte rommet under trappa. Dette konseptet har slege godt an ikkje berre i Norge, men også i heile Europa.

Feira med kake

Feiringa av tildelinga Det Gylne Sagblad let ikkje vente på seg, allereie tidleg denne veka fekk dei tilsette i Stryn vere med på kakefest.

– Denne prisen gir oss god motivasjon til vidare arbeid, og det er kjekt å sjå at arbeidet vi legg ned blir lagt merke til. Det er ei stor anerkjenning frå bransjen at vi har fått denne prisen, seier administrerande direktør i Hagen AS, John Herman Foss Hagen, til Fjordingen.

Bedrifta vart også tildelt prisen i 1998, då under namnet Hagen Treindustri AS.

Heiderspris

Det Gylne Sagblad er trevarebransjen sin heiderspris, og blir delt ut til ein bedrift som har utretta noko som kan vere eit godt døme for andre bedrifter i bransjen.

Juryen la vekt på følgjande i si grunngjeving då Hagen AS vart tildelt prisen:

– Hagen AS har funne nye og utradisjonelle vegar innan marknadsføring

– vore i framkant når det gjeld teknologisk utvikling

– vore gode på rekruttering, opplæring og utvikling av tilsette

– vore gode på produktutvikling

– lukkast i eksportmarknaden

– vist god innsats innan miljø, omstilling og samarbeid

– hatt god lønnsemd. For 2017 auka omsetnaden frå 183 til 194 mill. kroner. Resultat før skatt for konsernet var på 14,9 mill.

Administrerande direktør John Herman Foss Hagen gir ros til medarbeidarane etter at Hagen AS fekk tildelt Det Gylne Sagblad. Foto: Thomas Thaule