Ifølgje lovverket er det ikkje påbode å bruke hjelm dersom ein køyrer ein ATV som er traktorregistrert. Dette vekkjer reaksjonar.

– Dersom ein krasjar i 40 km/t spelar det inga rolle om du køyrer ein ATV som er registrert som traktor eller moped. Det som betyr noko er om du har hjelm eller ikkje, seier politi-betjent Eirik Krossen.

Registrert som traktor

Det er skilnad på dei to typane registrering. Dersom ein ATV er traktorregistrert, vil han ikkje kunne køyre meir enn 40 km/t, medan ein som er registrert som moped kan køyre raskare.

Begge typane kan køyre på hovudvegar, men i ein traktorregistrert ATV er det ikkje påbode å bruke hjelm.

– Dette er heilt sikkert ein regel som stammar frå den tida traktorar var traktorar, med sikkerheitsbur og tak. Eg skulle gjerne sett at ein tok hensyn til at desse sikkerheitsutstyra ikkje er til stades på ein ATV, og at det var påbode med bruk av hjelm, seier Knud Frausing hjå Kveen motor og anlegg, som er ATV-forhandlar i Stryn.

Vegdirektoratet kan opplyse om at ettersom ATV ikkje er ein eigen køyretøy-gruppe, og dei tilhøyrer gruppene traktor og MC, vil også reglane som høyrer til desse gruppene følgje med gjennom registreringa.

I traktor er det ikkje krav til bruk av setebelte eller hjelm, noko som har med konstruksjonen av traktorane å gjere. Derfor er det heller ikkje krav til desse sikkerheitsutstyra når ein registrerer ein ATV som traktor.

– Grunnane til desse reglane er ikkje heilt klare, men registreringa baserer seg på EU-regelverk og EU-direktiv. Dette er nok grunnen til at reglane er som dei er, seier Asia Akhter frå Seksjon for trafikantåtferd i Vegvesenet, som har ansvaret for tryggingsreglane i køyretøy.

– Vi har eit oppdrag som går ut på å sjå på reglane for bruk av setebelte i traktor, og då er det moglegheit for at bruk av hjelm når ein køyrer ATV også kan bli ein del av regelverket, fortel Akhter.

Ein ny generasjon

Knud Frausing fortel at dei siste åra har salet av ATV-køyretøy hatt ei positiv utvikling, og at det stort sett er profesjonelle brukarar som nyttar køyretøya til arbeid som utgjer kundemassen. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er så mange privatpersonar som kjøper ATV, så har det skjedd ei endring det siste året.

– Det har kome ein ny generasjon yngre brukarar, som er rundt 16 år. Dei tek traktorsertifikatet, og kjøper ATV i staden for moped og lettmotorsykkel, noko vi sjølvsagt synest er hyggeleg, seier Frausing.

Og det er nettopp denne oppsvingen i kjøp av ATV blant privatpersonar som kan skape hovudbry. Ifølgje Krossen er der fleire personar som køyrer ATV i Stryn sentrum utan å bruke hjelm.

– Vi oppmodar alle til å bruke hjelm. Det burde eigentleg vere rein logikk, på same måte som at ein skal ta på seg bilbelte, eller ikkje hoppe frå stupebrettet frå fem meter når bassenget er tomt for vatn. Dersom ulukka skulle skje, så er sjansen mykje større for å overleve med ein hjelm på hovudet. Dessverre er det fleire som ikkje nyttar seg av hjelmen, seier han.

– Bruk hjelm

For å få sjåførar til å bruke hjelm har Krossen vore i kontakt med foreldre og sjåførar, og oppmoda dei til å bruke hjelm når dei er ute og køyrer. Ved sida av dette er det lite politibetjentane kan gjere, når lovverket er som det er. Likevel håpar både han og Frausing at sjåførar brukar sunn fornuft dersom dei skal ut og køyre på hovudvegane.

– Det er veldig lite som skal til for å ta på seg ein hjelm, men dette kan fort spare livet til folk, så vi oppmodar på det sterkaste til bruk av hjelm.

Også Asia Akhter støttar denne oppmodinga.

– Sjølv om det ikkje er påbode med bruk av hjelm, vil vi tilrå alle til å bruke det. Det kan redde liv, seier ho.

Eirik Krossen håpar folk brukar fornufta, og tek på seg hjelm. Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)