Seint fredag kveld melde politiet at det hadde vore eit trafikkuhell i Svoragrovtunnelen i Oldedalen.

Ein bil skal ha vore involvert, og det vart meldt om mindre personskade. Det skal vere mistanke om promillekøyring, og sjåføren, som vart fråteken førarkortet, vart teken med til Stryn for blodprøve.