Avdelingsoppsettet for 2. divisjon i handball for herrar er klart, og Lovro Kresic og Stryn er plassert i avdeling 2 komande sesong. Det betyr også at Stryn får stifte kjennskap til fleire nye lag.

Stryn møter Asker, Bergsøy, Bjørnar, Falk Horten 2, Fyllingen, HK-72 Sande, Nøtterøy 2, Sotra, Stord, Tjølling og Viking TIF 2.

Austlandslaga Asker, HK-72 Sande, Nøtterøy 2 og Tjølling er nye motstandarar komande sesong.

Første serierunde går borte mot HK-72 Sande 8. september, medan første heimekamp er mot Stord 16. september.