Dette var også eit område som tilbake i 2014 var vurdert som kommunalt bustadfelt, men ein valde då Løvland i staden.

Kommunen stiller seg positive til at det vert sett i gang arbeid med ein reguleringsplan og peikar på fleire gode kvalitetar ved det aktuelle området; nær tilknyting til kommunal veg, vatn, avløp og fiber. Gang- og sykkelavstand til skule og barnehage, akseptabel avstand til sentrum, avklara risiko- og sårbarheitstilhøve (ROS) og det ligg utanfor område som i arealdelen til kommuneplanen er karakterisert som viktig landbruksområde.

Då saka vart diskutert i planutvalet sa Ståle Hatlelid i orienteringa at han var oppteken av at ein tenkjer stort nok når ein først skal regulere området. Det vil blant anna gi betre infrastrukturløysingar.

– Eg trur løysingane då blir betre, spesielt vegløysinga, sa Hatlelid. For nærare avgrensing av planområdet og omfanget av reguleringa vil kommunen kalle inn til formelt oppstartmøte med grunneigarane. Utarbeiding av reguleringsplan skal skje i privat regi.