Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball for damer har ikkje spelt kamp på tre veker.

Oppgjeret mot Sogndal førre helg vart utsett, men søndag er det klart for kamp igjen, heime mot Vik.

– Vi har to-tre forfall på sentrale spelarar. Katrin Oppheim er ute med skade, Maria Belinda Bergset er bortreist, og Kaisa Wemby er usikker til oppgjeret. Det er også lenge sidan vi spelte kamp, og då er ein alltid litt usikker på korleis ein ligg an. Men vi skal utpå og kjempe for kvar ball, og vi har god tru. Vik har levert ein god sesong til no, og vi skal ikkje undervurdere dei, seier trenar Halvard Bøe.

Stryn ligg før kampen på 3. plass, Vik på 6. plass.

Det er elles duka for "super-søndag" på Stryn stadion,  med kampar på løpande band og servering frå tidleg føremiddag.