Johannes Konstali-Lødemel følgde opp gårsdagens gode resultat i Tyrvingleikane i Bærum. I dag tok 13-åringen like godt førsteplassen på 200 meter med tida 25,55 sekund. Jakob Slåtten frå Jølster sikra dobbeltsiger til fylket då tida 25,70 sekund heldt til andreplass. Jon Kristoffer Kveen Øvre-Flo hadde også fart i beina og sprang inn til tida 30,42 sekund.

Joanna Kveen Øvre-Flo sprang 100 meter i dag. Ho fekk notert tida 13,32 sekund, noko som er ny personleg rekord. 15-åringen vart nummer tre i sitt heat.