Ved midnatt fredag var det sesongopning for laksefisket i Stryn, Loen og Olden.

I Loen møtte Fjordingen på den utflytte loaren Arne Loen, som saman med eit par andre hadde fiska sidan fredag.

– Eg har fiska her i mange år. Her er veldig bra fiske, og eg har hatt mange fine stunder her, fortel Loen, som skryt av at det er rydda fint rundt elva. Dei hadde fått fem laks, og tre av dei hadde blitt sett ut att i elva.

– Vekta ligg på rundt 8 kg. Ein laks vog 10 kg, den blødde såpass mykje så den tok vi på land, fortel Loen.

Loen brukar stort sett fluge når han fiskar, og for ein del år sidan fekk han ein laks på 17 kilo i elva. Han er oppteken av at kompetansen rundt elva blir overført til neste generasjon, slik at fleire får oppleve godt fiske.

Arne Loen set ut att ein laks i elva. Foto: Privat