Brynhild Lund Notøy fremja på vegne av partiet Venstre ei sak i kommunestyret torsdag, om at Hornindal kommune får eit auka fokus på miljøet. Ho las opp følgjande framlegg for kommunestyret:

- Den siste tida har det vore retta eit sterkt fokus på bruk avplast. Vi ser no alvorlege konsekvensar av plastbruken i naturen.Det har særleg vore fokus på plast i havet, men det er likeskadeleg når plasten vert liggande i naturen på land. Alle har eitansvar for å betre situasjonen.

Kommunestyret vil oppmode Hornindalkommune om å vere bevisst på bruk av plast. Ved innkjøp av varermå det vere eit sterkt fokus på denne problematikken. Der det eralternativ, bør ein bruke det mest miljøvenlege alternativet. Omnaudsynt kan det vere aktuelt å samarbeide med andre kommunar slik atein i fellesskap kan få leverandørane til å ha miljøvenlegealternativ. Sal og bruk av heliumballongar vert forbode i Hornindalkommune.

Fleire gjekk på talarstolen og støtta framlegget frå Lund Notøy.

- Visst det verste vi kan risikere er at ungane går glipp av heliumballong, så trur eg ikkje vi går glipp av noko som helst, sa varaordførar og Ap-representant, Randi Langlo.

Det vart derimot lufta kor vidt kommunen kan setje eit forbod mot sal og bruk av heliumballongar.

- Eg vil tru alle kan stille seg bak dette, men ein kan formulere at kommunestyret ikkje ønskjer sal av heliumballongar, sa Tore Heggen, med understreking av ønskjer. (H).

- Eit forbod inneber handheving, minna juristen frå Høgre om.  Det er heller ikkje høve til å kreve forbod på privat grunn.

- Eg er einig med Tore Heggen om at vi oppmodar om at det ikkje vert selt heliumballongar, kommenterte ordførar Lødemel.

Med denne endringa vart framlegget einstemmig vedteke av kommunestyret.