Stryn kommune er først ute i fylket med det kommuneadministrasjonen kallar ein ekstraservice til innbyggjarane. Du skriv inn eit spørsmål og på berre sekund gir Kari deg direkte svar, eller hjelper deg å finne fram på kommunen sine heimesider.

Testing: Rådmann Rune Hovde med Anne Bringsvor Egedahl og Unni Skåre ved servicekontoret testar ut KommuneKari som får si offisielle lansering tysdag 19. juni. Stryn kommune er først ute i fylket med chatboten KommuneKari. Foto: Roger Oldeide

Kari har AI (Artificial intelligence) som betyr at ho lærer seg å gi betre svar etter kvart som ho blir brukt. Den nye medarbeidaren dukkar opp på Stryn sine heimesider 19. juni etter offisiell lansering under kommunestyremøtet tysdag.

– Vi håpar at folk synes Kari er nyttig og vil bruke ho. Hensikta er at våre eigne skal få arbeide i staden for å svare på spørsmål som denne chatboten effektivt kan gi svar på, seier rådmann Rune Hovde.

Alltid på jobb: Her svarte Kari på spørsmål om kor mange som bur i Stryn. Ho hjelper deg å finne søknadsskjema og leitar fram det du treng på kommunen si heimeside, heile døgnet. Foto: Roger Oldeide

Leiar for servicekontoret, Anna Bringsvor Egedahl poengterar at KommuneKari alltid er på jobb. Heile døgnet heile året.

- Ein trenger heller ikkje nytte spesielle faguttrykk når ein spør. Ho forstår eit folkeleg skriftspråk, seier Egedahl.

Ny medarbeidar: Unni Skåre og Anna Bringsvor Egedahl i servicekontoret viser fram sin nye kollega Foto: Roger Oldeide

Kari blir å treffe på kommunen si heimeside og facebook-side frå tysdag.

– Test ho ut, oppmodar administrasjonen.