Det varme vêret pregar jordbæravlinga i år. Når større mengdernorske bær kjem i butikkane neste veke, vil dei vere mørke, ujamneog små.

Dei norske bæra er allereie i sal i butikken, men det erforventa at tilgangen vil bli endå betre utover neste veke,opplyser Landbruksdirektoratet.

Rabarbraen og agurken har så langthausta godt av sommarvarmen og har selt godt. Det fine vêret harogså ført til produksjonsauke av sommarkål, men den har vakse såfort at ein ikkje har rokke å hausta den, og den vil derfor sprekkei sommarvarmen.

Salet av blomkål, sommarkål og kålrot har gåtttregt i sommarvarmen. Det har vore lite norsk blomkål i butikkane,og noko av den er liten, vissen og lite freistande, ifølgjedirektoratet. Norsk vårløk, buntgulrøtter og squash er saman medpotetene ikkje i butikken enno, men dukkar opp snart.

(©NPK)