Siste året har Loen blitt ein ynda plass for luftsport. Basehopparar, speedgliderar og paragliderar kjem kvar veke for å boltre seg i lufta. Med Loen Skylift vert det lett å kome seg til fjells, og fleire snakkar faktisk om å flytte til Loen på grunn av dei fantastiske tilhøva for luftsport.

Kastar seg ut: Her kastar Tom Erik Heimen seg ut frå basehopparane sin faste utspringsplass nedanfor taket på Hoven Restaurant. Her vil det truleg kome opp fareskilt/varselskilt for publikum. Foto: Gunnhild Sindre

Førebyggjande

Men den stadig aukande aktiviteten betyr også fare for ulukker. Det har vore nestenulukker og mindre uhell, og det har også vore ei meir alvorleg ulukke i den seinare tid.

– Vi ønskjer difor å få til eit samarbeid, både for å førebyggje ulukker i miljøet og ulukker med tredjeperson involvert. Og for å ha innarbeidd gode rutiner når ulukkene skjer, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved Politiet i Stryn.

Retningslinjer og intern justis

Politiet har difor hatt møte med representantar for Fjordane Luftsportsklubb (utøvarklubben som organiserer hang-, speed- og paraglidarar), basehopparar (som står utanfor luftsportsforbundet), Loen Skylift og naudetatane.

Førebudd: Politioverbetjent Lasse Trosdahl tek eit overblikk frå Hoven. - Vi ønskjer å få til eit samarbeid, både for å førebyggje ulukker og for å ha innarbeidd gode rutiner når ulukkene skjer, seier han. Foto: Gunnhild Sindre

– Vi har no kome fram til ein del ting som må på plass, som informasjon om telefonnummer ved varsling t.d. Lokale aktørar har også utarbeidd reningsliner for luftsport på Hoven, og så håpar vi på intern justis i miljøet, slik at alle føl dei reningslinjene ein har blitt einige om, seier Trosdahl til Fjordingen.

Varsle tårnet på Sandane

Eitt av punkta som har kome fram i samarbeidsmøta er at flytårnet på Sandane Lufthamn bør ha informasjon om all lufttrafikk i området. Difør må alle luftsportsaktørar få innarbeidd rutiner om å varsle tårnet når dei skal drive luftsportsaktivitet i området. Dette vil gjere det tryggare i høve all lufttrafikk.

Livsfårleg situasjon

Elles kan fårlege siutasjonar fort oppstå, når personellet i flytårnet ikkje veit kven som befinn seg i luftrommet over Loen til eikvar tid.

– Vi hadde eit døme nyleg, der eit privat helikopter flaug under tre paragliderar, fortel Miriam Røykaas, politibetjent som sjølv flyg speedglider, og som er politiet lokalt sin kontaktperson i miljøet.

– Det var ein livsfårleg situasjon, seier ho.

Skyliften er sentral

Skyliften er sentral dersom ulukka skulle inntreffe i samband med luftsport på Hoven.

Difor vert det lagt vekt på å få informert om at også skyliften må varslast ved ulukke, slik at dei tilsette til dømes har informasjon som kan formidlast vidare når naudetatane kjem på staden.

– Dei tilsette er etter kvart også godt kjende med miljøet og veit kven som er i området, seier driftsleiar Arne Reme.

Diskuterer ulike scenario: Arne Reme, Loen Skylift, Kenneth Breidablikk, Stryn Røde Kors og brannsjef John Jatgeir Vinsrygg. Foto: Gunnhild Sindre

Retningslinjer

På nettsida til Loen Skylift er det publisert retningslinjer for luftsport på Hoven.

Det vert lagt stor vekt på at det alltid skal vere tryggleik først. Vidare er det retningsliner for kvar det kan flygast i høve til pendelbana, understreking av at det ikkje kan løysast ut fallskjerm over bygningar og m.a. kvar det kan landast og ikkje, med kart over landingsområde i Loen.

- Knallhard indre justis

Medan hang-, para- og speedglidarar er organiserte i Norges Luftsportsforbund, står basehopparane utanfor. Men også dei tek sikkerheita på alvor, forsikrar Tom Erik Heimen, som hoppa frå Hoven første gongen i 2006. Den svært rutinerte basehopparen med rundt 1.800 hopp har sjølv kasta seg ut frå Hoven rundt 70 gongar.

– Korleis ser basehopparane på dette med sikkerheit når det gjeld luftsport frå Hoven?

– Basehoppmiljøet tek sikkerheit på alvor i form av trening og knallhard indre justis. Det er ikkje noko forbund som føl opp, men ein passar på kvarandre. Aktive utøvarar er opptekne av å minimere risiko og ha gode marginar i høve til fri sikt og gode vindforhold, seier Heimen.

Kan ta skyliften ned

Han legg til at det heile tida vert arbeidd for å spreie gode haldningar internt i miljøet, auke kunnskapsnivået og sikkerheita, og det vart seinast i april gjennomført kurs på Hoven.

– Rammene på Hoven er gode, seier Tom Erik Heimen.

– Mellom anna ved at ein enkelt kan ta skyliften ned ved dårlege forhold!