Hornindal kommune vart i starten av mai varsla om søksmål frå eigaren av hyttetomta «Lisjetunet», gnr. 204/bnr. 6, gjennom advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA. Det skjedde etter at kommunen vedtok reguleringsplanen for bustadfeltet på Løvland, der hytta ligg. Tvisten gjeld blant anna eit tinglyst hefte som etter hytteeigaren si meining regulerer kor nærme annan busetnad kan vere eigedomen. Fjordingen har fleire gongar skrive om ei omstridd 75-metersgrense.

Advokatfirmaet Judicia DA i Ålesund talar kommunen si sak. I svar tilbake i høve søksmålet skriv Judicia sin advokat at dei meiner innhaldet i heftelsen er feiltolka, og peikar blant anna her på omgrepet «hyttebustad», at det syner til hytte og ikkje «hytte» og «bustad».

Advokaten nemner også ekspropriering av heftelsen som eit alternativ frå kommunen si side, dersom søksmålet vert oppretthalde.

– Vi forheld oss til stadfesta reguleringsplan, som også er stadfesta av Fylkesmannen. Så får den juridiske prosessen gå sin gang, var rådmannen sin kommentar, då ho orienterte om status for bustadfeltet i sist kommunestyremøte.

Ho kunne elles opplyse at det så langt er tre som har meldt si interesse for kjøp av tomt.