Torunn Lødemel Stokkeland vert ny regissør for Elskhug & Eksis på Nordfjordeid.

Elskhug & Eksis er musikalen om millitærhistoria på Eksersisplassen på Nordfjordeid, der handlinga finn stad i brytingstida slutten av 1800 talet. Her er det politikk og romantikk, drama og mykje moro med totalt 150 aktørar, svært mange av dei barn og unge.

Skodespelaren frå Hornindal tek over som regissør etter Marit Grytnes Dullaert, som har hatt regien i mange år.

Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal flytta for nokre år sidan tilbake til heimbygda etter mange år i hovudstaden. Ho har samarbeidd med m.a. NRK, Rubicon og Viafilm, og er kjend frå filmar som Trolljegeren og Løvekvinnen og ikkje minst seriar som Lillyhammer og Vikingane.

– Torunn Lødemel Stokkeland har lokale røter som går rett inn i stykket, og ho har allereie klare idear om korleis stykket kan utviklast vidare, så arbeidet med neste års produksjon er allereie i full gang, seier styret for Elskhug & Eksis i ei pressemelding, der dei også fortel at det framfor 2019-sesongen vil bli arrangert workshops/teaterverkstader både på Eid, Hornindal, Stryn, Sandane og i Måløy. Dette kjem i staden for at ein må kome inn til ein tradisjonell audition.