Fredag hadde 130 niandeklassingar i Stryn, Olden og Hornindal fagdag, der elevane besøkte ulike bedrifter utifrå interesse.

– Dette er eit samarbeid mellom skule og næringsliv. Bedriftene har stilt opp i hopetal, og mange arbeidsplassar er involverte, seier Torstein Tvinnereim, som er koordinator for opplegget.

På førehand hadde elevane fem hovudområde dei kunne velje mellom: Bygg, helse, studiespesialiserande, service og samferdsle og tip/elektro. Deretter gjekk turen rundt til ulike bedrifter.

– 32 arbeidsplassar har stilt opp for å gje elevane informasjon slik at dei blir kjent med arbeidsplassane, fortel Tvinnereim. Han seier også at fagdagen er eitt av fleire tiltak som skal hjelpe elevane med å finne ut kva yrkesretningar dei kan velje mellom. I tillegg til fagdagen blir det også arrangert ein utdanningsdag på Stryn vgs på hausten der bedriftene har stand.

– Heile næringslivet har vore positive, og dei synest dette er ein viktig dag, avsluttar Tvinnereim.

– Ein flott og lærerik fagdag, meinte Daniel Langeset og Tom Adriel Jevnlid som går på ungdomsskulen i Stryn.

Kurt Isene (t.v.) hos Thor Tenden Transport fortalde om jobben som yrkessjåfør. Tom Adriel Jevnlid og Daniel Langeset ser ikkje bort ifrå at dei ein dag blir lastebilsjåførar. – Det er viktig for bransjen å vise seg for elevane med tanke på rekruttering, sa Isene. Foto: Thomas Thaule