Styret har lagt spørsmålet om sal av Singerheimen i Olden  på vent til Stryn kommune har fått høve til å sjå nærare på saka.

– Fylkeskommunen har rådd til at vi skal arbeide vidare med ei løysing med tanke på sal, men når ordføraren i Stryn vil sjå nærare på saka har vi tid til å vente, seier styreleiar Aasne Folstad etter styremøtet torsdag.

Ingen klare svar

Før møtet var leiinga for Sogn og Fjordane Museum på synfaring på Singerheimen for å bli orienterte om situasjonen, og for å svare på spørsmål om det kan vere ei løysing at dei tek over Singerheimen.

Svaret frå museumsdirektør Kjartan Aa Berge er at dei kan ikkje gje noko svar på kva som er beste løysinga for framtida slik situasjonen er i dag, men dei kan kome med råd og rettleiing i prosessen vidare.

Den statlege overføringa til musea i fylket ligg godt over landsmedelen, men om dette vil halde fram også i den nye fylkeskommunen er ikkje avklara.

Viktig kulturhistorie

– Vi veit kva vi har fram til 2020, men etterpå er det eit politisk vakuum. Vi veit ikkje kva som vil skje, sa Berge som understreka at Singerheimen er viktig kulturhistorie.

– Det er med ei viss ærefrykt eg går gjennom desse romma, sa Berge etter omvisinga. Han tykte det var kjekt å sjå Singerheimen og takka for ein konstruktiv dialog.

Museum eller hotell er to aktuelle løysingar med tanke på bærekraftig drift. Styret har utarbeidd ein plan for utviding frå 14 til 28 rom. Det har ein prislapp på ca. 13 millionar kroner. Sjølv om bygningane er vernverdige kan det gjerast mykje innvendig, men ikkje på det ytre med fasadar og vindauga.

Det er ikkje kostnadstal for framtidig museumsdrift, men også det vil krevje store investeringar. Ingen private vil drive museum. I så fall må det ein offentleg aktør inn i bildet.

Rosar lokale eldsjeler

– Vi føler oss pressa til å finne løysingar for framtida. Det er ikkje nok berre å vøle taka. Vi har utarbeidd planar for sal som tek i vare dei klausulane som kviler på stiftinga i dag. Lokale eldsjeler har gjort ein kjempejobb, men vi kan ikkje basere framtida på det, seier Folstad som er glad for at Stryn kommune vil sjå nærare på si rolle som vertskommune.