Som første kleprodusent i verda kjem Skogstad Sport til hausten med Svane-sertifisert fleecekle-kolleksjon.

– Det er den første kolleksjonen i verda av polyesterfiber som har fått Svane-merking, fortel Henning Skogstad, dagleg leiar i Skogstad Sport. Dette skjer etter halvanna år med ein gjodkjenningsprosess der heile produksjonsprosessen er grundig gjennomgått i høve ulike krav og streng bedømming.

Strenge krav

Svanemerket er ei offisiell miljømerking av produkt med godkjenning etter strenge reglar. Nordisk ministerråd oppretta Svanemerket i 1989 for å stimulere til grønare innovasjon og mindre miljøskadar.

Dei som ynskjer Svanesertifisering av eit produkt må betale ei avgift som skal dekkje kostnader med kontrollen. Det er Stiftinga Miljømerking som forvaltar Svanemerket i Norge, og er ein nøytral tredjepart i vurdering av produktet. Produkt som skal ha Svanesertifisering vert kontrollert i alle fasane frå råvare til avfall. Det vert mellom anna vurdert om råvara er berekraftig, om produksjonen sløser energi, om det vert brukt skadelege kjemikaliar og om arbeidstilhøva for arbeidarane er tilfredsstillande. Produsenten må dokumentere at produksjonen tilfredsstiller alle krav, og det er nøye kontroll av opplysningane.

– Målet vårt er å vere miljøvenlege, seier Henning Skogstad. Verksemda planlegg Svanesertifisering av fleire plagg.

Ny butikk

Laurdag var det opning av Skogstad sin nye butikk i Amfisenteret på Nordfjordeid. Dette er den fjerde Skogstad-butikken i Nordfjord. Nokre dagar før opna ein ny butikk i Lom. I alt har verksemda no elleve butikkar frå Harstad i nord til Sandefjord i sør. Den tolvte butikken kjem om ikkje lenge, men lokalisering er ikkje avgjort. Det vert ikkje på stader der Skogstad har gode kundar i sportsbransjen.

– No driv vi butikkar i eigen regi. Vi har prøvd franchiseavtale, men det var ikkje vellukka, fortel Henning Skogstad.

Janne Fredheim Klaesson står bak ny profil for Skogstadbutikkane og er den som styrer butikkopningar.

– Det er travelt og moro med nyopning, seier ho, og fortel om enorm respons då etableringa starta på Nordfjordeid.