I helga blir det storinnrykk i Hornindal når Grodås Cup går av stabelen.

– I år er det 20-årsjubileum for cupen, seier Steinar Bakka i arrangørkomiteen. Med 96 påmelde lag blir det fotballkampar nesten nonstop på dei to banene på idrettsparken i Hornindal. I fjor deltok litt over 100 lag, og tal påmelde lag har vore stabilt siste åra. Det betyr om lag 1.000 spelarar. Medrekna trenarar og foreldre vert folketalet i bygda meir enn dobla.

Desse klubbane er påmeldt til årets cup: Austefjord, Bergsøy, Blindheim, Brattvåg, Eid, Førde, Hasundgot, Hovdebygda, Hødd, Mauseidvåg/Solevåg, Ravn, Stranda, Stryn, Sunnylven, Tambarskjelvar, Tjørvåg, Tornado Måløy, Vartdal, Vikane, Volda, Ørsta, Åmdal og Hornindal.

Til saman skal det avviklast om lag 220 kampar i løpet av helga.

Meir om Grodås Cup i fredagsavisa.

Vikane gutar 11 viste gode takter då dei var med i fjor. F.v. Kristian Skåden, Hauk Magne Heggdal-Verlo, Emil Årdal Solbu, Thomas Verlo Reme, Mathias Skåden Hopland, Erik Heggdal Skogen, Simer Yosef, Jardar Lyslo Søndenå. Framme keeper Marcel Piwko. Foto: Thomas Thaule
Frode Grodås stiller på Grodås Cup også i år. I fjor hadde han med seg Tonje Sørli frå Mesternes Mester. Foto: Thomas Thaule