CD-prosjektet vert lansert i Maurstadparken og Gamlebanken Kulturhus på Nordfjordeid.

På dette dobbeltalbumet får Alfred Maurstad som folkemusikar sjølvsagt stor plass. Unike opptak av Maurstad som hardingfelespelar utgjer hovudtyngda av innhaldet på platene. Men her vert også døme på Alfred Maurstad som folkesongar og med deklamering av dikt. Dette er innspelingar som ikkje har vore tilgjengelege for publikum på fleire tiår.

Den eldre garde vil truleg ha gode minne om Maurstad, både frå Ønskekonserten og Ønskediktet, og han vert sjølvsagt også hugsa frå filmklassikarar som Gjest Baardsen, der han, i tillegg til å ha hovudrolla, både syng og spelar.

Alfred Maurstad debuterte på Det Norske Teatret som skodespelar i 1920, og vart tilsett ved Nationaltheatret frå 1931. Han vert mellom anna hugsa frå si strålande tolking av Peer Gynt, og vert omtalt som ein av dei største kulturpersonlegdomane i landet.

– Felespelet var døropnaren inn til denne verda. Mellom anna fekk han bruke seg fullt ut som spelemann i teaterstykket Fossegrimen av Sigurd Eldegard, skriv plateselskapet i samband med CD-lanseringa. Slåtten «Fanitullen» inngår i Johan Halvorsen si orkestersuite Fossegrimen, skriven til Sigurd Eldegard sitt teaterstykke.

– Eg kan ikkje tenkje meg far utan fele, seier sonen, skodespelaren Toralv Maurstad, i coverteksten til denne nye utgjevinga.

Sentrale: Håvard Svendsrud t.v., Svein Nesje (bak) og Arne M. Sølvberg (nærast kamera).

CD-platene er utvikla av Håvard Svendsrud i nært samarbeid med m.a. folkemusikarane Knut Buen, Arne M. Sølvberg, Svein Nesje og lydrestauratør Audun Strype. Opptaka er gjorde i tidsrommet 1927 til 1962, og inneheld totalt 48 spor.

– Alfred Maurstad er noko av det vi aldri må gløyme i kulturarv og heimleg nasjonalskatt, seier Knut Buen i forbindelse med utgjevinga.

Både Arne M. Sølvberg, Håvard Svendsrud, Vindfylla Spelemannslag og medlemmer frå Spelemannslaget Fjelljom deltek under platesleppet laurdag. Der blir det både levande musikk og gode historier om kunstnaren og skøyaren Alfred.