Då samferdsleutvalet i Møre og Romsdal hadde saka oppe i starten av mai, vart forslaget om å nedstemt. Charles Tøsse (H) var den som fremma forslaget på nytt i fylkestinget denne veka, og som klarte å få fleirtal for følgjande formulering:

«Fylkesveg 60 (i Hornindal og Stranda kommuner) vert lagt inn i investeringsprogrammet, på ein slik måte at arbeidet med reguleringsplan kan finansierast og ferdigstillast - gjennom ei forskottering frå kommunane.»

– Eg er glad for at forslaget eg fremma i samferdselsutvalet, der eg ikkje fekk fleirtal, no hadde modna og fekk solid fleirtal i fylkestinget, seier Charles Tøsse til Fjordingen.

– Eit viktig første steg

– Det å ha ferdig reguleringsplan er ein føresetnad for i det heile å kome i posisjon for å få realisert fv 60. Når det lokalt er eit engasjement for å forskottere, meiner eg vi skal vere offensive og legge til rette for det. Reguleringsplanen er eit viktig første steg og forutsetning for å vere i posisjon dersom det dukkar opp ordningar som gjer at prosjektet kan bli realisert. Statsråden har gitt nokre signal og etter forslag frå Kristin Sørheim (Sp) og meg vedtok fylkestinget og å jobbe vidare for å få fylkesvegen lagt over til statleg ansvar, seier Tøsse.

Han seier vegen er ein flaskehals «heilt hinsides» i forhold til det som er bygd ferdig i begge endar av fv 60.

– Vi får ikkje full utnytting av dei investeringar som er gjort før strekninga gjennom Hornindal er ordna. Med dagens standard er det håplaust for næringslivet å nytte vegen. Difor er alle grep som kan gjerast viktig for å få vegen realisert.

Ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal er svært glad for vedtaket i fylkestinget, og seier han føler det givande å jobbe opp mot politikarar som evnar å gjere ord til handling.

– Det er gledeleg å sjå at det er tverrpolitisk semje om at dette prosjektet er viktig for heile regionen, ikkje minst for næringslivet som vi er så totalt avhengige av for å skape vidare vekst og utvikling. Dette fylkestingsvedtaket føyer seg inn i rekkja av det politikarane i Møre og Romsdal tidlegare har sagt. Dei har ei positiv tilnærming til å få løyst dette vegprosjektet. Eg vil takke sentrale politikarar i Møre og Romsdal som ser verdien og behovet for snarleg opprusting av 60, seier Lødemel.