Ein førar måtte ut med 2.900 kroner i gebyr for å køyre med overlast under ein kontroll ved Kjøs bru seint onsdag kveld.

To andre førarar måtte sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare. Ein førar fekk gebyr for ikkje å ha med seg nødvendige dokument i bilen, opplyser Statens vegvesen.

Totalt 15 køyretøy vart kontrollerte.