Utvik elektrisitetsverk har søkt Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon til å få flytte kraftstasjonen i Utvik lenger ned i Storelva. Dette har skapt reaksjonar.

– Flyttinga av kraftverket vil skade fiskelivet i elva. NVE har sidan flaumen arbeidd med å legge til rette for sjøaura, eit arbeid som blir øydelagt dersom kraftverket blir flytta lenger ned, seier Bjørn Åge Berge. Han er ein av dei som har nytta elva til å fiske etter sjøaure.

Treng meir plass

Styreleiaren i Utvik elektrisitetsverk, Bjørn Otto Hauge, fortel at årsaken til at dei har søkt om konsesjon til å flytte kraftverket er at dei treng betre plass til det nye kraftverket, som vil bli større.

– Kraftverket vi planlegg no har dobbelt så mykje produksjon som det andre, og vel så det. Tidlegare hadde vi rør på 50-60 centimeter, og no skal vi opp mot ein meter, så vi treng meir plass, seier han.

Planen deira var i utgangspunktet å byggje stasjonen lenger oppe i elva, men etter at NVE endra på elveløpet var der ikkje lenger plass, fortel han vidare.

Betre plass: – For å få utnytta elva til det fulle treng vi betre plass til kraftverket, fortel Bjørn Otto Hauge. I bakgrunnen kan ein sjå området der det har blitt søkt om konsesjon til å plassere den nye kraftstasjonen.

– Vi må jo ha plass til kraftverket, og så må der vere plass til mobile kraner og sånt, slik at ein får utstyr som veg opp mot 30 tonn inn i kraftverket, seier Hauge.

– La elva leve

Det Bjørn Åge Berge reagerer på, er måten ein kan skade livet i elva dersom stasjonen blir flytta. Der har blitt lagt ned arbeid for å betre gyte- og oppvekstforholda for fisk, særskild sjøaure, i elva. Til dømes har gytesubstrat, større stein og steingrupper blitt plassert i elva.

Berge gir NVE skryt for arbeidet som har blitt gjort, men håpar at dette ikkje blir påverka av flyttinga av kraftstasjonen.

– Det er rart at NVE prioriterer forhold for fisk, og brukar mykje midlar på dette, for så å øydelegge det berre nokre veker etter å ha lagt til rette for fisken. Med kraftverket flytta nedover vil elvestryket bli svekka, og elva kan fort ende opp livlaus, seier han.

Han fortel vidare om kvifor denne elva er viktig for han.

– Det var i denne elva mi interesse for fiske oppstod. Vi kunne reise ut i båt og dorge etter aure, men ingenting slo kjensla av å få ein aure i elva. Eg håpar dagens ungdom kan oppleve den same fiskelukka som meg i denne elva, men då må ein la elva få leve.

Bekymra: Bjørn Åge Berge er bekymra for at ein flytting av kraftverket vil øydelegge for fiskelivet i elva.

Hauge lar ekspertane uttale seg om fiskelivet i elva:

– Kva konsekvensar kan flyttinga av kraftverket ha på fisken i elva?

– Det har eg ikkje greie på, kva fisk som er der og sånt, så det veit eg faktisk ikkje. Kva påverknad dette har på fisken får fagfolket uttale seg om, dei som har greie på dette, seier Hauge.

Ikkje berre for fisken

Berge poengterer at det ikkje berre er fisken som kan bli påverka dersom kraftverket blir flytta. Flytting av kraftverket vil føre til mindre vassføring i elva, og synet av elva vil ikkje vere det same meiner han.

– Her skal bli eit flott grønt-areal, med ballbinge og gangveg langs elva. Dersom elva blir fjerna, vil ikkje dette arealet vere det same. Det vil miste noko av sin verdi, seier han.

– Det er veldig bra at dei skal byggje opp kraftverket igjen, men vi må også ta vare på elva, seier han.

– Vil det beste for bygda

Bjørn otto Hauge er klar på at Utvik elektrisitetsverk ønskjer å gjere det som er best for bygda. Kraftverket er eigd av over 100 deleigarar, fleire av desse lokale privatpersonar, som ønskjer å gi tilbake til bygda.

– Kraftverket er eigd av bygda, det gir tilbake til bygda og vil det beste for bygda, seier Hauge.

NVE vil ta fiskelivet med i vurderinga

Brigt Samdal, regionsjef i NVE, fortel at NVE har arbeidd med å leggje til rette for fiskelivet i elva og at dette  livet vil bli ein del av vurderinga deira.

Dersom kraftverket i Utvik blir flytta er det moglegheit for at dette kan påverke fisken i elva, men Samdal vil ikkje uttale seg om dette før han har sett nøyare på søknaden.

– Eg veit ikkje korleis flyttinga vil påverke fiskelivet i elva. Foreløpig har eg ikkje sett søknaden eller noko slikt, så det får vi vente med til vi har litt meir detaljert informasjon, seier han.

Han er også godt klar over livet i elva, etter at NVE har arbeidd med å betre fisken sitt habitat, gjennom tiltak som skal betre gyte- og oppvekstforholda i elva.

– Vi har arbeidd med å sikre elva, og forsøkt å legge til rette for fleire artar her, så dette vil også bli vurdert, seier han.

Også i Stryn kommune har dei høyrt om bekymringar, og teknisk sjef i kommunen, Jan Flore fortel at det er uheldig å gjere noko dersom dette får uønska påverknadar på elva.