Det er ikkje tilfeldig at SignalNorway har ein enorm raudrev på den eine veggen og revespor over golvet, som om Mikkel har tassa her like før.

Dette er noko av særpreget til verksemda: Naturen er henta inn i lokala. Fossen flyt ut over golvet, stein og lav er integrert i logoen og i møterommet sit du «på havsens botn», blant dykkarar, skipsvrak, hai og havskjelpadder.

Til inspirasjon

– Showrommet skal være til inspirasjon for kva som er mogeleg å få til. Vise at ein kan skape interiør som faktisk kan være med og påvirke helse og humør i ei positiv retning, om det er på kontoret eller heime, seier Gro Caroline Flølo, designar og dagleg leiar SignalNorway.

Til dagleg vil Farmhouse ved dagleg leiar Wenche Flølo ha kontor her, og lokala er opne i kontortida. Elles er showroom og møterom opne for visning etter avtale, og møterommet vil også bli leigd ut.

Kunde: Kjetil Grodås er ein av SignalNorway sine første kundar. Han har fått innreia YX First Stop Grodås av firmaet. T.v. Marta Myklebust frå Feel Free Production/SignalNorway og Gro Caroline Flølo, dagleg leiar og designar i SignalNorway.

Frå design til montering

Bak SignalNorway står Farmhouse, Flurlux og Feel Free Production.

Det er tre bedrifter som står bak Signal-satsinga; Farmhouse, Fluorlux og Feel Free Production. Saman har dei skapt SignalNorway, som skal vere totalleverandør av interiørprosjekt. Designe, produsere og montere. Med den rette teknologien er spekteret stort i kva dei kan produsere.

Vise fram produkt på veggane

I showrommet er vegger, tak, golv og møblar dekka med dekorfolie.

– Det har vore populært å male veggar med kontrastfargar. Vi meiner det er vel så spennande med heildekkande bilde. Bedrifter kan t.d. bruke veggflater på kontoret til å vise fram teknologi og produkt eller den lokale naturen, seier Gro Caroline Flølo.

Feiring: Opningsdagen vart feira med kake. Styreleiar Wenche Flølo sprettar kaka medan Johan Olai Svidal syter for taffelmusikken mellom fjell og fjord i bakgrunnen.

Eigne produktseriar

I første omgang rettar verksemda seg mot næringslokale, offentlege bygg, messer og ustillingar m.m.

Innovasjon Norge har vist stor interesse for satsinga og støtta prosjektet med 400.000 kroner. Dette vil m.a. vise igjen i eigne produktseriar som skal utviklast og stillast ut i løpet av 2018.