Saka er fleire år gamal og dreier seg om ein ny vegløysing på Storesunde. Konflikten gjelder tidspunkt for når vegløysinga på Storesunde skal byggjast og det er grunneigarar som vil ha fortgang i bygginga.

Ifølge saksframlegget vart det i 2014 inngått forlik i jordskiftesak mellom eigar av gnr. 69/1, Harald Rørtveit og eigar av 69/2, Hans Ørjasæter og Stryn kommune. I 2017 kravde Rørtveit ved sin advokat tvangsfullbyrding og at kommunen skulle byggje ny veg i samsvar til reguleringsplan med krav om oppstart innan april med ferdigstilling innan 1. august i år.

Kommunen avviste då kravet.

Tilrår godkjenning av forlik på det sterkaste

Kommunen sin advokat har, ifølge saksframlegget, no tilrådd «på det sterkaste» at kommunestyret godkjenner forliket som var lagt fram for kommunestyret tysdag.

Kommunestyret hadde følgande framlegg til handsaming;

– Partane er samde om at rettsforlik inngått i Jordskifteretten 14.02.14 er eit fullføringsforlik som har tvangskraft. Partane er vidare samde om at oppfyllelsesfristen for ferdigstillelse av vegen er sett til 31.12.2021. Kvar av partane ber sine eigne kostnader.

– Kva er problemet?

Kommunestyret hadde ei runde på om saka skulle handsamast bak lukka dører, men eit samrøystes kommunestyre vedtok å handsame saka for opne dører.

Ordførar Sven Flo (H) oppmoda kommunestyret til å godkjenne forliket. Pål Vonheim (Ap) gav i staden klart uttrykk for at forliket ikkje burde godkjennast fordi han meiner at kommunen ikkje har gjort noko galt og at ein ved å godta forliket vil låse seg til tidspunkt.

Per Kjøllesdal (Sp) spurde gjentekne gonger frå talarstolen om kva som var problemet.

– Når Stryn kommune ikkje har gjort vedtak på når vegen skal byggast, så kan vi ikkje påleggast dette, sa Kjøllesdal.

Han la fram følgande endringsframlegg:

– Framlagt rettsforlik blir avvist. Ut frå dei endra føresetnadane vert vegline på Storesunde å vurdere på nytt evt ved hjelp av jordskifteretten.

Det vart votert over framlegget som enda i 10 mot 10 røyster.

Ordføraren si ekstrastemme vart avgjerande i fordel for rådmannen sitt framlegg.