Radio Stryn med prøveordning:

Radio Stryn sender heile dagen på FM-bandet

Radio Stryn har utvida til heildagstilbod, og har no radiosendingar med riksnyheiter og regional vêrmelding. Sendingane går på FM-nettet og som nettradio.

Heildagssendingar: Ove Andre Aarskog, dagleg leiar i Radio Stryn, fortel at Radio Stryn som ei prøveordning no har daglege sendingar frå 6 om morgonen til 20 om kvelden på FM-nettet og nettradio.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Radio Stryn har 30-årsjubileum i år, og markerer jubileet med å utvide sendetida si kraftig.

– Vi har ei prøveordning der vi sender frå klokka 6 om morgonen til 20 om kvelden, fortel Ove Andre Aarskog, dagleg leiar i Radio Stryn.

Nyheiter, ver og ulike program

Dei daglege sendingane inneheld program levert av Bording Media, ei verksemd som har spesialisert seg på å vere nyheits- og innhaldsleverandør for lokalradiobransjen.

Dei leverer nyheitssendingar med riksnyheiter kvar time, regionale vêrmeldingar og programstikk med ulikt innhald. Og sjølvsagt mykje musikk.

Bak nyheitssendingane står kvartetten Jonas Bording, Endre Lundgren, Kyrre Dahl og Tore Myrberg, røynde folk med m.a. bakgrunn frå NRK, P4, TV2 og NTB. På programstikk er Hanne Fleischer også inne, i tillegg til Lundgren og Dahl.

I tillegg kjem Radio Stryn sine eigne sendingar som Radiobingo, Marling og musikk med Johnny Hjelle og John Os og Fredagsquizen.

Radio Stryn overfører også sendingar frå kommunestyremøte.

Framleis på FM-bandet

Radio Stryn kan du få som nettradio via nettsida til Fjordingen, men du kan også finne radioen på FM-bandet. Dette vert tydelegvis sett pris på.

Den daglege leiaren har alt fått tilbakemeldingar frå lyttarar som set pris på det utvida tilbodet.

– Mellom anna er det ein del eldre som anten ikkje har DAB-radio eller ikkje får til å bruke han. Dei er glade for å kunne få inn sendingar på FM igjen. seier Ove Andre Aarskog.

– Dessutan har vi også fått tilbakemelding på at sendingane har vore ei gledeleg overrasking for folk som ikkje har DAB-radio i bilen.

Sikre framtidig drift

Han håpar både lyttarane og det lokale næringslivet set pris på dei nye heildagssendingane.

– Ønsket er sjølvsagt også å få opp reklameaktiviteten slik at vi kan sikre framtidig drift av radioen, seier han.

– Vi feirar 30 år i år, og vi vil sjølvsagt gjerne halde fram med å levere radio til lokale lyttarar.