Denne helga er det klart for Stryn Midtsommarrock i Stryn og Grodås Cup i Hornindal. Jonsokhelga byr og på ei lang rekkje fleire større og mindre arrangement i bygder og grendelag. Helga som markerer slutt på skuleåret og start på sommarferie for mange, markerer og starten på Sommarglade Stryn og Hornindal. Eit samlebegrep om alt det flotte som skjer i indre Nordfjord i sommar. Og der mange av dei største aktivitetane – og mange små, er samla i avisa som heiter nettopp Sommarglade Stryn og Hornindal.

Avisa skal ha kome i postkassa di anten du bur i Nordfjord, på søre eller indre Sunnmøre eller i Skjåk. Dette er ein av fire fulldistribuerte ekstraaviser Fjordingen lagar gjennom året, der vi brukar ekstra store ressursar på å vise fram alt det flotte og mangfaldige som skjer.

Mange av aktivitetane i regionen vår er kommersielle. Endå fleire skjer på dugnad. Denne entusiasmen i bygder og lokalsamfunn for å skape noko til glede for andre, kjenneteiknar livshaldninga i denne delen av Nordvestlandet: Gleda over å skape, gleda over å lage sosiale møteplassar og gleda over å føre lokal kultur vidare.

Mange har spådd at dugnadsånda vil ebbe ut når vaksengenerasjonen vert for vaksen. Så ser ein at den oppveksande slekt likevel har fått med seg også dugnadsånda som del av oppdraginga – kanskje gjennom morsmjølka. Berre sjå på alderen til dei mange dugnadsfolka som bidreg til dømes under Grodås Cup i helga. Her går ungdom, vaksne og godt vaksne saman i felles løft. Grodås Cup er langt frå eineståande om det. Det same såg vi under Motorfestivalen og det same ser vi mange andre stader.

Indre Nordfjord har masse spennande natur og mange som vil invitere nettopp deg til sitt arrangement eller si bedrift. La avisa du fekk i postkassa vere til inspirasjon for å finne fram til dei gode opplevingane som passar deg.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør