Stryn tek turen vestover og møter eit Tornado Måløy som har hatt ein vanskeleg start på sesongen.

Måløylaget ligg sist på tabellen med sju poeng på ti spelte kampar. Likevel tek ikkje Stryn sin trenar Geir Inge Rake lett på oppgåva, og han har sjølv nokre utfordringar til kampen.

– Marius Rauset trakka over mot Bremanger og er uaktuell, det same er Julian Hove, seier Rake, som derimot kan gle seg over at Vegard Sæten Hopland er speleklar att.

Keeper Jens August Guddal Muri og høgreback Jan Åge Langerset har truleg spelt sine siste kampar for Stryn denne sesongen då dei er kalla inn til militærteneste. Dermed blir det Jozef Tuzar som kjem til å stå mellom stengene fredag.