Stryn sitt herrelag var klart best i bortekampen mot Tornado-Måløy fredag kveld. Vegard Sæten Hopland teikna seg åleine for tre scoringar, i tillegg vart det nettkjenning på både Frode Hool Egge og John Marius Berger. Sistnemnde scora på si første berøring på ballen etter at han vart bytt inn. Han tok hand om ein retur etter frispark i stolpen frå Jon Terje Tjellaug

I mål vert det rapportert at Josef Tuzar gjorde ein flott jobb. Keepertalentet som har fått prøve seg i eit par kampar denne sesongen, og som truleg blir førstevalet vidare sidan Jens August G. Muri er kalla inn til militærteneste, hadde eit par kjemperedningar i første omgang.

Justinas Busmic og Tanel Melts var tilbake i strynetrøya etter opphald i Volda denne våren. Dessverre fekk kampen ein noko trasig utgang for "Justas", som vart sparka ned like før kampslutt og måtte ut med skade. Melts kom inn halvvegs i 2. omgang.

Tornado-Måløy - Stryn 0-5 (0-2)

0-1 Vegard S. Hopland, 13. min.

0-2 Vegard S. Hopland, 18. min.

0-3 Frode Hool Egge, 70. min.

0-4 Vegard S. Hopland 79. min.

0-5 John Marius Berger 89.min.