For å kunne tilby fleire barn og unge eit undervisningstilbod i kulturskulen opnar kommunen opp for desentralisert undervisning. Kommunestyret vedtok følgande framlegg tysdag:

1. I samband med budsjettarbeidet for 2019, vert det som eit nytt tiltak lagt inn kr 30.000 i budsjettet til køyregodtgjersle i kulturskulen til desentralisert undervisning.

2. Det må vere minst 5 elevar på same instrument i same område for å kunne starte opp eit desentralisert tilbod.

3. Rektor vert ansvarleg for å kvalitetssikre, samt organisere tilbodet der det skal startast.

4. Undervisninga skal gå føre seg på ein skule, og det skal vere god kvalitet og standard på lokale og instrumenta elevane skal undervisast i.

Torstein Tvinnereim (V) fekk støtte i kommunestyret med å legge til følgande punkt:

5. Song, trommer perkusjon, teikning/måling, dans vil bli vurdert igangsett desentralisert dersom rektor vurderer at forholda ligg tilrete for det og det elles er i samsvar med punkta over.