Musikk som set seg på hjernen, fengande rytmar og dans er noko av det som kjenneteikner ungdomsmusikalen «High School Musical», og det var dette elevane i tiande klasse på Olden skule leverte.

Tradisjon tru blei skuleåret for tiande klasse ved Olden skule avslutta med framføring av ein musikal, dette som ein del av pensum i musikk-faget. I år var det «High School Musical» som stod for tur.

Å bryte forventningane

Denne musikalen dreiar seg om ungdom som finn både seg sjølv og kvarandre gjennom song og dans, og viser kva som kan skje dersom ein berre vågar å vere seg sjølve.

– Dei som likar å lese, dei skal berre like å lese. Dei som er glade i sport, dei skal vere glade i berre sport. Slik var livet her, men så er der nokon som vågar å bryte desse forventningane, ved å synge og danse, fortalde musikklærar Gunnar Nystøyl publikum i forkant av musikalen.

Med Johannes Garlid Tenden, Inger Anne Kårstad, Madeleine Reme og Elias Hammer Bergh i rollene som Troy Bolton, Gabriella Montez og Sharpay og Ryan Evans, fekk vi følgje karakterane gjennom skulekvardagen i ein nedkorta versjon av musikalen.

For dei som har sett musikalen tidlegare var der mange velkjende songar som blei framført av tiande klasse. Songar som «The start of something new», «All in this together» og «Stick to the status quo» var med på å brette ut handlinga for publikum. På veg ut frå salen kunne ein faktisk høyre fleire personar som nynna på desse songane.

Stolt lærar

Etter at musikalen var over blei publikum verande i salen og fekk høyre enda ein framføring av «Stick to the status quo». Dette er ein song der fleire karakterar innrømmer sine skjulte interesser, og som oppsummerer handlinga i musikalen svært godt.

Det var med god grunn Gunnar Nystøyl, motoren bak musikalen, var godt fornøgd med opptredenen til sine elevar.

– Eg er stolt av gjengen. Mange klatra langt utanfor sitt gode skinn, og hamna utanfor si eiga komfortsone. Nokon likar å stå på scena, andre er ikkje like begeistra over dette, men alle saman har arbeidd steinhard og fått til ein særs god forestilling, seier Nystøyl.