Alternativ B1, med lang tunnel og tilrettelegging for muleg arm til Geiranger, er valgt som framtidig løysing for veg opp Strynefjellet. Dette vart gjort kjent søndag ettermiddag då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vitja området.

- Dette er ein magisk dag. Dette er eit alternativ alle har kjempa for, kunne ein svært tilfreds stryneordførar Sven Flo slå fast. Både han og samferdsleministeren delte oppfatninga av at ei løysing med å strosse eksisterande tunnelar ville vore svært uheldig.

Kor vidt det blir ein arm til Geiranger og kor raskt ein kan setje i gang vegprosjektet er meir uvisst. Arm til Geiranger er ein fylkesveg, så det blir opp til Møre og Romsdal å avgjere. Vidare arbeid er å få løyvingane på plass. Meldinga er at det er brei semje på Stortinget om å prioritere, men at det framleis vil ta ein del år.

- Men no er det i alle fall slutt på diskusjonar om kva alternativ som skal nyttast, sa samferdsleministeren.