Engelund synte i møtet i Fellesnemnda til punkt to i Intensjonsavtalen mellom Hornindal og Volda, der det står at ein vil jobbe målretta for dei vidaregåande skulane i Stryn og Volda slik at dagens struktur vert vidareført. Frå 2020 må Hornindal-elevar i utgangspunktet forholde seg til skular i det nye fylket. Engelund stilte spørsmål om status på dette området.

– Vi har fått brev frå Møre og Romsdal fylkeskommune om at dette er uproblematisk så lenge ikkje klassane er fulle. Det som ikkje er i mål, og som kan bli vanskeleg å få til, er fritt skuleval på linjer som er fulle. Der blir ein stilt sist i køen, var svaret frå nemndleiar Stig Olav Lødemel.